Støy i miljøbudsjettet
- Publisert:
- 12. oktober 2007
- Kategori(er):
- Statsbudsjettet
I framlegget til statsbudsjett for Miljøverndepartementet er støy satt opp som eit eige underområde i resultatområde 4 “Eit stabilt klima og rein luft”. Sjølv om det inneheld fleire viktige punkt er det også svakheiter. Framlegget kan lesast her.
Resultatområde 4 €“ underområde 5 Støy
Definisjon og avgrensing
Resultatområdet omfattar arbeidet med å førebyggje og redusere dei støyproblema som gir negative helse- og trivselseffektar. Vidare står arbeidet med å fremje stille (fråvere av støy) sentralt som miljøkvalitet. Hovudkjelda til støyplager er vegtrafikk, men ei rekkje andre kjelder medverkar òg. Resultatområdet omfattar dessutan internasjonalt arbeid, med utvikling og oppfølging av EU-direktiv som det mest sentrale.
Mål og indikatorer for resultatområde 4 underområde 5 støy
Nasjonale resultatmål:
1. Støyplaga skal reduserast med 10 prosent innan 2020 i forhold til 1999 (berekna utan befolkningsvekst).
Miljøforvaltningens arbeidsmål:
1.1 Samarbeide med andre styresmakter med ansvar på området og følgje opp regelverk.
Miljøforvaltningas resultatindikator:
Samla støyplage (SPI) frå alle kartlagde kjelder, spesielt SPI for industri, motorsport og skytebaner.
Statusebskriving
Arbeidsmål 1.1. Samarbeide med andre styresmakter
med ansvar på området og følgje opp regelverk.
Støy er blant dei miljøproblema som rammar flest menneske i Noreg. Rundt 1,7 millionar per-sonar er utsette for støy over 50 db ved bustaden sin. Eit fleirtal av desse opplever å vere plaga av støyen, og rundt ein halv million personar er sterkt eller mykje plaga. Ifølgje dei nyaste støytala frå mars 2007 utgjer støy frå samferdsel til saman opp mot 90 pst. av kartlagt støyplage, der vegtrafikk åleine står for nesten 80 pst., og tog og fly medverkar med rundt 4 pst. kvar. Til trass for at tala viser at det i perioden 1999-2006 har vore ein nedgang i støyplaga frå luftfarten på 26 pst. og frå jernbane på 33 pst., har det vore ein samla auke i støyplaga på ca. 3 pst. i same tidsperiode. Auken i støyplage skuldast i hovudsak auka vegtrafikk, men auka busetnad i trafikkerte område har òg medverka. Det er dei ulike sektordepartementa som har hovudansvaret for å sikre ein reduksjon av støyplaga
innafor sin samfunnssektor, og medverke til at det nasjonale resultatmålet for støy kan bli nådd. Skal ein nå målet er det behov for nye tiltak og verkemiddel,
særleg retta inn mot støy frå vegtrafikken.
Regjeringa lanserte i mai 2007 ein handlings-plan mot støy for perioden 2007€“2011. Denne er første fase på vegen for å nå dei nasjonale måla og vil leggje føring for arbeidet dei næraste åra. Handlingsplanen tek opp dei viktigaste støykjeldene, og det er presentert tiltak for å redusere støyen frå desse. I denne perioden vil mykje av satsinga vere konsentrert om FoU-arbeid og utvikling av verkemidel.
Miljøstyresmaktene har eit koordinerings- og pådrivaransvar på støyfeltet, og følgjer opp status og utvikling i støyutsleppa og støyplaga generelt. Miljøstyresmaktene vil i tillegg engasjere seg €“ i samspel med sektorstyresmaktene €“ med sikte på å få strengare støykrav til køyretøy og bildekk, og få utvikla støysvake vegdekke. Miljøstyresmaktene har vidare eit ansvar for å medverke til redusert støyplage frå dei ulike kjeldene der miljøstyresmaktene sjølve har verkemiddel €“ konsesjonspliktig industri og næringsverksemd, skytebaner, motorsportsbaner og enkelte produkt. Industri- og næringsstøy utgjer ca. 7 pst. av samla støyplage. Støyplagene frå skytebaner, motorsport og byggje- og anleggsverksemd utgjer òg til saman rundt 7 pst. av samla støyplage.
Mål- og indikatorer for resultatområde 4 underområde 5 Støy
Nasjonale resultatmål:
2. Talet på personar utsette for over 38dB innandørs støynivå skal reduserast med 30 perosen innan 2020 i forhold til 2005 (Det nasjonale målet om reduksjon i talet på personar som er utsette for over 38 dB innandørs støynivå, tek utgangspunkt i overordna berekningar av talet på støyutsette bustader der utrekningane er gjort med skjematisk fasadedemping utan omsyn til ventilar i fasade).
Miljøforvaltningens arbeidsmål:
2.1 Utarbeide regelverk som medverkar til å nå det nasjonale målet og samarbeide med andre styresmakter med ansvar på området.
Miljøforvaltningens resultatindikatorer:
Reell reduksjon i talet på personar som er utsette for over 38 dB innandørs støynivå.
Arbeidsmål 2.1. Utarbeide regelverk som bidrar til å nå det nasjonale målet og samarbeide med andre styresmakter med ansvar på området.
Same omsyn som for arbeidsmål 1.1. ligg føre også for arbeidet med innandørs støynivå. I dag er det ca. 46 000 personar som er utsette for eit innandørs støynivå over 38 dB. Tiltak vil bli fortløpande vurderte på grunnlag av statistiske tilbakemeldingar om utvikling på området, under dette strengare forskriftskrav og fokus på samarbeidsområde. Miljøforvaltninga tek sikte på å endre grensa for gjennomføring av støyreduserande tiltak i 5. kapittel i forureiningslova frå 42 dB med stengde ventilar, til 42 dB med opne ventilar. Frist for gjennomføring er 1. januar 2020 og har ein venta kostnad på 1,4 mrd. kroner.
Verkemiddel Støyproblem skal førebyggjast og reduserast slik at det blir teke omsyn til helse og trivsel for menneska.
Nasjonale resultatmål, miljøvernforvaltningas arbeidsmål, resultatindikatorar og statusbeskriving.
Budsjettmidlar til faglege utgreiingar, forsking og miljøovervaking utgjer eit viktig og nødvendig grunnlag for arbeidet med støy, og blir dekte over kap. 1441, 1400 og 1410. Miljøovervaking er innhenting av tal over utslepp og andre miljødata, og blir nytta bl.a. i utrekningsmodellar, utgreiingar av tiltak og rapportering av resultat. Både utgreiingsmidlar og forskingsmidlar blir nytta for å utvikle vidare den nasjonale støymodellen for utrekning og oppfølging av støyplaga på tvers av kjelder. Forskings- og utgreiingsmidlar skal vidare nyttast til kompetanseoppbygging i dei støyfaglege miljøa og i høgare utdanning, og til EU-arbeid og internasjonale prosessar.
Kapittel 5 om støy i forskrift om avgrensing av forureining av 1. juni 2004 set krav til gjennomføring av utbetringstiltak for dei som er utsette for innandørsstøy over 42 dB i gjennomsnitt over døgnet.
Støy frå bl.a. industri, motorsport og skytebaner kan regulerast gjennom konsesjonssystemet i forureiningslova. Lova om produktkontroll heimlar støykrav til produkt, og er nytta til å gi forskrifter om m.a. leiketøy, fritidsbåtar m.m.
Ein fornuftig arealbruk etter plan- og bygningslova er eit viktig verkemiddel for å førebyggje støyproblem. Plansystemet blir nytta til å bestemme lokaliseringa av støykjelder, og til å regulere utnyttinga av areal som ligg omkring kjeldene. Rikspolitiske retningslinjer for samordna areal- og transportplanlegging skal leggjast til grunn for all plan-legging og utøving av mynde i kommunar, fylkeskommunar og hos statlege organ. Det er gitt ei felles retningslinje for behandling av støy i plan-saker, med fokus på dei største støykjeldene. Dessutan har Fylkesmannen ansvar for store oppgåver under resultatområde 4. Ein viser til nærare omtale av desse under resultatområde 7. Midlar til lønn og drift for desse oppgåvene er budsjetterte på kap. 1510 Fylkesmannsembeta, under Fornyings- og administrasjonsdepartementets budsjett.
Opprett ny kommentar